2019-07-03-f745b44def57faa6d4593ff51648170244168c17 Foto Sjøfartsdirektoratet/Steinar Haugberg

Mindre antall omkomne

De foreløpige tallene på omkomne ved bruk av fritidsbåt i første halvår i år er ni. Dette er en nedgang på tre personer sammenliknet med 2018, viser statistikk fra Sjøfartsdirektoratet, som de la frem i dag.

Dette er det lågaste talet Sjøfartsdirektoratet har registrert i sin statistikk i følge dagens pressemelding. 

-Sjølv om ein sjølvsagt ynskjer at alle kjem trygt heim så er det gledeleg at ein nå ser nok eit år der talet på omkomne går ned. Me håpar og trur at dette er eit resultat av eit samla fokus på tryggleik frå fleire etatar og organisasjonar, men ikkje minst på grunn av at folk er blitt endå flinkare til å tenkje tryggleik når dei skal ferdast på sjøen i fritidsbåt, seier kommunikasjonsdirektør Dag Inge Aarhus i Sjøfartsdirektoatet. 

Sjøfartsdirektoratet oppmodar til sjekk av flyteutstyret, som eksempel at patroner med meir er innanfor haldbar dato på oppblåsbare flytevestar og at flyteutstyret vert nytta på rett måte. Det er også god tryggleik, om ein er åleine eller fleire om bord, i å nytta utstyr som stoppar motoren om ein fell over bord. Å kunne varsle ved ei hending er også viktig – her kan ein vasstett mobilpose gjere god nytte. Viktigheita av å kunne varsle var og noko Statens havarikommisjon for transport trakk fram i sin rapport etter å ha undersøk alle dødsulykkene med fritidsbåt i 2018*. 

-Sjølv om temperaturen no stig i sjøen så er det viktig at ein, i tillegg til varsling, kjem seg raskt om bord i båten om ein fell over bord. Då er det viktig at ein brukar utstyr som stoppar motoren. Det gjev og ein tryggleik for andre som ferdast på sjøen ettersom ein båt som dreg av gårde utan førar utgjer ein stor risiko. 
Av dei omkomne skjedde to av ulykkene frå kano, to frå lukka/delvis lukka motorbåt og fire frå open motorbåt. Det er førebels ikkje stadfeste bruk av flytevest i meir enn tre av ulykkene, og der var det to som brukte vest og ein utan. 

-Når tala no heldigvis vert lågare er det og vanskeleg å trekkje ut nokre trendar, men både i kano/kajakk og opne båtar er ein meir utsett og då er det viktig å tenkje over kva ein gjer om uhellet er ute. Er ein åleine i båt er det ekstra viktig å tenke over om ein har naudsynt kommunikasjonsutstyr tilgjengeleg og utstyr til å koma seg om bord i båten igjen om ein fell over bord. Då er det viktig at ein brukar utstyr som stoppar motoren. Det gjev og ein tryggleik for andre som ferdast på sjøen ettersom ein båt som dreg av gårde utan førar utgjer ein stor risiko.

Av dei omkomne skjedde to av ulykkene frå kano, to frå lukka/delvis lukka motorbåt og fire frå open motorbåt. Det er førebels ikkje stadfeste bruk av flytevest i meir enn tre av ulykkene, og der var det to som brukte vest og ein utan.
 
-Når tala no heldigvis vert lågare er det og vanskeleg å trekkje ut nokre trendar, men både i kano/kajakk og opne båtar er ein meir utsett og då er det viktig å tenkje over kva ein gjer om uhellet er ute. Er ein åleine i båt er det ekstra viktig å tenke over om ein har naudsynt kommunikasjonsutstyr tilgjengeleg og utstyr til å koma seg om bord i båten igjen om ein fell over bord, seier Aarhus
 
Dei omkomne er fordelt på Rogaland, Troms (to i kvart fylke) og ein omkomen i Aust Agder, Hordaland, Møre og Romsdal, Vest Agder og Vestfold
 
 
«Halvparten av de omkomne i 2018 druknet etter at båten hadde kantret eller etter ar de hadde falt over bord. I de fleste tilfeller tok det lang tid, mer enn 45 minutter, før andre var klar over at de var i nød. Nedkjøling har sannsynligvis bidratt til at de omkom.»....
 
«Umiddelbar varsling om nød og posisjon, i kombinasjon med bruk av riktig tilpasset redningsvest og påkledning som forsinker nedkjøling, kan bidra til at personer overlever etter å ha falt i sjøen.»....