Dei store båtane hevda seg best

Frisk nordleg vind, dreiande vestleg og minkande. Dette oppsummerer årets Shetland Race for dei 30 båtane som gjennomførte dei 193 nautiske mila frå Marstein fyr til Lerwick hamn på Shetland.

Tekst og foto:
Kjell Magnus Økland
 
- Starten gjekk frå Marstein fyr med opptil 13 m/s vind frå nordvest. Mange båtar valde difor å starta med mindre forsegl og minst eitt rev i storseglet. Likevel vart det stamping og vatn over dekk for mange av båtane dei fyrste timane av årets Nordsjøkryssing. Utover i løpet roa vinden seg til om lag 7-9 m/s, men med litt uroleg sjø var det nok fleire av seglarane som fann tilveret litt utriveleg. Utover torsdag føremiddag roa vinden seg og vart noko skiftande etterkvart som båtane nærma seg fiskebankane på austsida av Shetland. Vindretninga gjorde at dei aller fleste båtane valde å ta det søndre innløpet inn til Lerwick forbi Bressay fyr.
 
Fyrste båt i mål vart Trondheimsbåten Assis, ein A40rc med Ole Birger Gievær som skipper. Dei segla seg opp i front etter nokre timar og slapp ikkje andre båtar forbi seg. 29 timar 4 minutt og 33 sekund brukte dei på den fyrste etappen vestover Nordsjøen.
 
Deretter var det duka for ein spanande målgang mellom dei to First 40,7 båtane frå Bergens Seilforening, Amaryllis og Winocean. Båtane gjekk i mål med berre nokre båtlengder i mellom seg. 32 sekund skilte i favør Winocean, men sidan Amaryllis hadde ørlite lågare måltal kom Amaryllis best ut på korrigert tid. Faktisk kunne skipper Inge Andre Utåker på Amaryllis gle seg over beste korrigerte tid i både den største NOR Rating-klassen og totalt. Skipper på Winocean, Carl Johan Wickmann, fekk dermed nest beste korrigerte tid og Asiss tredje beste korrigerte tid. Mindre enn 15 minutt skilde på korrigert tid skilde mellom desse tre båtane.
 
I mellomklassen (NOR Rating 0,9601 - 1,0200) var det First 34,7 FS2 med skipper Jan Vidar Nordstrand frå Bergens Seilforening som tok sigeren. Etter ein svært god start brukte FS2 33 timar 5 minutt og 44 sekund på ferda over Nordsjøen. Andreplassen gjekk til Kelso, ein Crown 39 med John Hardie som skipper. Tredjeplassen fekk Kilroy, ein First 36,7 med skipper Steinar Hansen frå Nordhordland Seilforening.
 
I den minste NOR Rating-klassen var det Stavangerbåten Xanadu, ein Comfortina 35 med John Cooper som skipper, som tok klassesigeren. Båten brukte 34 timar 18 minutt og 54 sekund til Lerwick. Andreplass gjekk til Jeanneu Sun Fast 37 Skarven og skipper Per Aga frå Os Seilforening. Ein av feltet sine minste båtar, Calluna, ein Hanse 325 og skipper Frode Tveranger Haugland, tok tredjeplassen etter å ha kryssa Nordsjøen på 37 timar 22 minutt og 38 sekund.
 
I Doublehand-klassen stilte berre to båtar. Her vann Vandal med skipper Bård Singstad ein klar siger framfor Fri og skipper Jo. G. Brand frå Kongelig Norsk Seilforening. Fredag kveld vert det samling av alle seglarane på kulturhuset Mareel i Lerwick der det vert filmvisning frå seglasen og premieutdeling.
 
For resultat og øvrig stoff: