2018-06-26-af7370d58c7b12b5c6050710fff60cf3da3628a0 Oselververkstaden er i den prestisjetunge UNESCO-lista over immateriell kulturarv. Her Oselver under seil

Askeladden stolt hovudsponsor av Oselvarverkstaden!

Når Oselververkstaden lanserte sitt sponsorprogram for næringsliv og private, var Askeladden snar med å bli med, og er nå en av tre hovedsponsorer for den tradisjonsrike båten

Det er lange tradisjoner som gjør at Henrik J. Askvik nå kunngjør deres tre års engasjement  til Oselvarverkstaden, i en pressemelding.
 
Henrik J. Askvik grunnla Askeladden-eventyret i 1911 på same plass som tredje generasjon Askvik i dag har sitt daglege virke og hovudkvarter. 
Henrik J. Askvik starta med å byggje det som no er Noregs nasjonalbåt, Oselvaren – med tradisjonar over tusen år tilbake i tid.
Dagens moderne Askeladden-båtar, vidareført av tredje generasjon Askvik, byggjer på over tusen års båtbyggjartradisjon frå Os, med spesielt sterke historiske band til Oselvaren.

Oselvaren og Oselvarverkstaden
Oselvaren er ein smekker robåt, mjukt bygga av tynne materialar, og berre tre bordgangar. Oselvaren er kjent som ein svært lettrodd båt, rask seglar og ein trygg og sjøsikker båt.
 
På 1800-talet var Oselvaren den dominerande båttypen blant fiskarane langs heile Hordalandskysten. Etter den store endringa i fiskeria rundt førre hundreårsskifte, då fiskarane byrja å ta i bruk større båtar som dei satt motor i, var det berre Os og Strandebarm som overlevde som båtbyggjarbygder i Hordaland.
 
Oselvarverkstaden er ei stifting i Os i Hordaland som har som formål å ivareta båtbyggjarhandverket i samsvar med tradisjonar og strenge krav til kvalitet. Stiftinga skal òg føre båtbyggjarkunsten vidare til nye generasjonar, ved systematisk og grundig opplæring av nye båtbyggjarar.
 
I dag jobbar fire båtbyggjarar og to lærlingar med nybygg og reparasjon av Oselvarar i Oselvarverkstaden.
 
Oselvarverkstaden har blitt tildelt Olavsrosa av Norsk Kulturarv. I 2016 vart Oselvarverkstaden, som den første og foreløpig einaste norske tradisjonsberaren, oppført på den prestisjetunge UNESCO-lista over immateriell kulturarv. Ei liste som berre har 16 oppføringar på verdsbasis!
Sponsorprogrammet
Sponsorprogrammet gir høve for næringsliv og private til å gå inn som velgjørarar og sponsorar på ulike nivå.
 
Vi oppmodar næringslivsaktørar og private til å sjå nærmare på moglegheitene til å bidra saman med Askeladden. Saman kan vi ivareta Oselvaren og båtbyggjarhandverket – i pakt med tradisjon og strenge krav til kvalitet!
 
"Som sponsor for Oselvarverkstaden bidrar vi til å ivareta Oselvaren og båtbyggjarhandverket – ein uerstatteleg del av den historiske kystkulturen", seier daglig leiar hos Akseladden, Henrik J. Askvik.