2011-04-27-6195d92ba0ff2f597e1df292f0d61a1c00879e5b Båtmesse i Florevika Gjestebrygge

Kystfestivalhelg og Båtmesse i Florø!

Marker i kalenderen, det skjer mye i Florø helgen 17-19 juni. Verdens lengste sildabord, Kinnaspelet, underholdning og nytt av året - båtmesse.

FLOREVIKA GJESTEBRYGGE har arrangert båtmesse i Florø siden 2002. I år arrangerer de båtmessen samme helg som Kystfestivalen - 18. og 19. juni.
De venter bortimot 4000-5000 besøkende denne helgen. Både båtmessen og sildebordet er gratis.
Vi har snakket med Båtmessearrangør Malvin Horne som ser lyst på det. Det var markedet selv som ønsket at de flyttet messen. Nå ser vi frem til en kjempehelg i Florø, her gjelder det å være tidlig ute for å sikre seg en plass enten i båthavnen eller på hotell.

Malvin Horne informerer videre fra pressemeldingen deres:
Årets gode nyhet for alle som er oppteken av båt og båtliv er at båtmessa i år er lagt til 18. og 19. juni. Det er same helga som Kinnaspelet, Florø Rockeklubb sine arrangement og Laksens dag. Båtmesse same helga er med på å styrke den maritime vinklinga på denne viktige festivalhelga i og for Florø.

Florevika Båtmesse har valt å slå seg saman med dei andre arrangørane etter signal frå utstillarar i båtbransjen som ønskjer eit større tilfang av potensielle kundar. For Florevika Gjestebrygge AS har dei siste par åra vore krevjande økonomisk, og flyttinga av båtmessa frå første helga i mai til Himmel og Hav-helga er også eit nyskapande og nødvendig grep vi har tru på vil vere med på å trygge framtida til gjestebryggeanlegget.

Nytt av året er at båtmessa får fri adgang!

Takka vere eit godt samarbeid med Sparebanken Vest er dette mogleg. Sparebanken Vest i Florø går i år inn som ein sterkare samarbeidspartnar med gjestebrygga fordi banken ser på bryggeanlegget som ein viktig trivsels- og miljøfaktor i Florø. Banken er særleg oppteken av å skape aktivitetar utover turistsesongen. Difor vil det bli lagt opp til andre aktivitetar i løpet av året med utgangspunkt i gjestebryggeanlegget. Desse aktivitatane er særleg retta mot barn og unge. Kva slags aktivitetar dette er vil vi komme tilbake til.

- Vi ser vår satsing også i samanheng med at vi sjølve skal flytte i nye lokaler i dette området, eit område som vi syns er indrefileten i Florø, seier banksjef Kringstad.

Sparebanken Vest har alltid vore ein aktiv samarbeidspartnar for gjestebrygga, og er ein viktig pådrivar for utviklinga og den viktige posisjonen anlegget har, ikkje berre i Florø, men på kysten.